BFG Bergen Løpeklubb på Facebook  

Facebook Image
   

Ulriken Opp  

 

Logo UO stor skrift for web 

Lørdag 6. mai 2017

 

 

   

Løvstakken Opp  

Logo Lovstakken Opp 500pxLørdag 13. mai 2017

   

Web kamera  

Lagunen Sørgående(Statens vegvesen)

   

Glimrende resultater under UM

Detaljer

Amund-forsideAmund Sjursen forsetter å imponere med glimrende resultater. På søndag hoppet han hele 7,46 i lengde og satte Norsk juniorrekord. Det som var helt utrolig var at 10 minutter senere kom en annen og hoppet 7,47. Dermend miste Amund rekorden og tapte gullet med 1 cm på et fantaskisk lengdehopp.

Gratulerer til Amund.

 Oppsummering er hentet fra bloggen til Lars Arve.

Inne-UM - dag 3

 
Det er nesten som om ein kan bli frisk av dette - eg meiner; desse resultata som tikkar inn frå storstova i Bærum. Rettnok blei det ikkje totalt så mange medaljar som i fjor, men det blei mange - og det blei mange storslagne prestasjonar. Og me snur på flisa og brukar den offisielle reknemåten, der talet på gull er gjævare enn det totale talet på medaljar. Og 8 gull er fantastisk bra - og altså 3 fleire enn i 2013.

Eg kom til 3 nye GULL siste dagen:

* Kristoffer Blücher (G15) dundra av garde. Først sprang han under 24 blank og fekk 23,83 i forsøket på 200 meter, før han verkeleg knuste til og sprang på 23,47 i finalen. Det er seks tidelar raskare enn utepersen frå Peab-lekene og åtte tidelar betre enn innepersen frå Romjulsstemnet. Og med det har Kristoffer endå ei øving der han er klart under junior-NM- kravet.

* Eline Myking (J17) har gjort det til vane å vinna 1500 meter i inne-UM. Det er ein god vane! Tida denne gongen blei 5:04,07.

Eirik Leikvoll (G16) vann gullet i stav med tangering av pers - 3,60.

Strålande!

Og så kom eg til 3 nye SØLV-medaljar også:

* Amund Høie Sjursen (G18/19) hoppa utruleg sterke 7,46 i lengde - fattige éin centimeter bak vinnaren Karsten Warholm frå Dimna. 7,46 er betring av eigen klubbrekord i BFG med 10 centimeter (frå Pingvinlekene).

Nemnde Eirik Leikvoll (G16) fekk med seg sølvet i høgde, då han persa til 1,83. Han hadde 1,80 frå Nornalekene frå tidlegare.

UM-debutant Nora Øvergaard Aarvik (J15) sesongbetra seg med åtte centimeter i høgde - og det var nok til å vinna sølvet. 1,58 er også innepers med éin centimeter.

Så blei det 1 ny bronse siste dagen - sett med Gneist-auge:

* Ingrid Næss Johansen (J17) blei dømt likt i mål med Målfrid Pettersen Lunde på 1500 meter og fekk med det - og med tida 5:07,45 - bronsen.

Dermed har eg kome til (men eg stolar ikkje heilt på meg sjølv denne helga)

8 GULL - 7 SØLV - 3 BRONSE!

MEN det blei også to nye medaljar til BFG Bergen, slik at det blei ein av kvar sort også for junior-/seniorklubben:

* Ingvild Myking (J15) var annonsert som storfavoritt på 1500 meter, men me ana tøffare konkurranse då dei sterke tidene frå 800 meteren lørdag tikka inn. For det blei alt anna enn suverent. Men med 21/100 margin blei det 4:52,10 og første UM-gullet til Ingvild. Solid var det uansett!

Og så blei det sølv til jentene på 4 x 200 meter stafett i J18-22, like bak Sandnes. Tida 1:42,71 er også relativt klar ny klubbrekord i BFG. Den gamle blei sett i Ranheimhallen under inne-NM i 2011 (Monika Benserud, Christine Bjelland Jensen, Anne Bjelland Jensen og Anne Skudal Dolvik). Dei fire jentene på sølv-laget var Sara Berrefjord, Renate Lie, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

**

Og elles:

-- Ingrid Sortland (J15) sprang 200 meter på 28,65 - som er innepers med fire hundredelar (frå Pingvinlekene i 2013).

-- Henrik Almenningen (G17) sprang 200 meteren sin heilt ned på 24,68. (Sprang på 25,26 under Romjulsstemnet.)

-- Renate Lie (J16) innepersa solid på sin 200 meter, til 26,09 (hadde 26,40 frå Nornalekene). I finalen blei det 26,23 og 4. plass.

-- Sara Berrefjord (J18/19) var fattige to hundredelar frå Christine Bjelland Jensen sin U23-klubbrekord i BFG, då ho sprang sin 200 meter på 25,80. Det er uansett ny solid pers for Sara.

-- Andreas Jensen (G16) sprang 1500 meter på 4:48,28.

-- Og stafettpålaget i G15-17 på 4 x 200 meter kom på 4. plass, tett bak både sølvet og bronsen. Men det blei ny BFG-klubbrekord på dsse fire: Sondre Rinde, Henrik Almenningen, Kristoffer Blücher og Eirik Leikvoll. Tida: 1:37,38.

 

Inne-UM - dag 2

 
Alt går sakte. Alt er på etterskot. Men det er berre i heimen og i hjernen min.

I friidrettsparken i Bærum går det raskt, veldig raskt. Og det er lokale heltar som står for mykje av moroa.

Lørdagen førte Gneist-fangsten opp i 11 medaljar så langt, så no tar det til å koma seg. Og gull-fangsten er alt tangert frå fjoråret. I tillegg kom det ein bronse til Bjarg.

Først og fremst var det Amund Høie Sjursen som stal overskriftene. Han tok GULL i eit knalltøft 18/19-heat på 60 meter, og det gjorde han med å flytta persen ned til 6,88 (frå 6,99). Det er også ny klubbrekord i BFG Bergen.

Kristoffer Blücher (G15) tok TO GULL, like så godt, på UMs andre dag. På 60 meter blei det solide 7,32, etter å ha persa til 7,39 og i semifinalen og 7,41 i forsøket. Kristoffer vann klart. På 800 meter sprang Kristoffer i mål på 2:07,36 - ny innepers med nesten fire sekund.

Det fjerde og siste GULLET lørdag stod Sanne Myrmel (J15) for i stav. I ein tett konkurranse vann ho på færre riv, med 2,70 - to centimeter bak den ferske persen til Sanne.

Så blei det to nye sølvmedaljar:

Amund Høie Sjursen er - i tillegg til mykje anna - no også blitt ein høgdehoppar å rekna med. Med 1,98 lørdag vann han sølvet i 18/19-klassen - og persa med nye 2 centimeter frå Pingvinlekene. Dermed sletta han eigen U20-klubbrekord i BFG også.

Renate Lie vann sølv på 800 meter i J16, med tida 2:23,31. Det er også to sekund under den gamle innepersen på distansen, sett under NM i Haugesund i fjor.

Og, endeleg, blei det meisterskapets første bronsemedaljar:

Sondre Rinde (G16) vann bronse i lengde. Han var berre éin centimeter bak sølvet, men på den andre sidan berre tre centimeter framfor nr. 4.

Og medaljefangsten i inne-UM held fram for Henrik Almenningen (G17). Han bryt også nye barrierar. Denne gongen kom han over 6 meter i lengde for første gongen, hoppa 6,01 og vann altså bronsen med det. Gamlepersen blei sett under Nornalekene i januar (5,96).

Så tar me med bronse også til Ingvild Myking (J15). Bjarg-jenta, som er superfavoritt på søndagens 1500 meter, sprang i mål på 2:20,99 på 800 meter. Det er solid ny innepers.

**

Og elles:

Sondre Rinde persa til 7,49 på 60 meter.

Vegard Albrigtsen sprang på solide 2:07,13 på 800 meter - innepers med to sekund og også eitt sekund under utepersen frå Lillehammer i haust. Vegard blei nr. 8 totalt, men her var det svært tett oppover lista.

Ingrid Sortland (J15) sprang på 8,50 på 60 meter - som er betring av innerpsen frå Nornalekene i januar (8,64).

Monika Benserud fekk 4. plassen på 60 meter i J18/19 med 7,88.

* ...og Elina Drivenes sprang sitt første konkurranseløp på lenge, då ho kom i mål på 2:23,79 på 800 meter i J17.


** Og då har eg notert 5 gull, 4 sølv og 2 bronse så langt til Gneist - og altså ein bronse til med BFG-auge (Bjarg). Og søndagen gjenstår.

 

   

I margen  

Logo graatoner 

 


 

BFG-statistikken finst HER

   

Grieg-new-LOGO-150x

Logo Hordnesskogens Venner 

BFG Bergen Løpeklubb

støtter Hordnesskogens Venner

 


 

 

   
© BFG Bergen (C)