BFG Bergen Løpeklubb på Facebook  

Facebook Image
   

Ulriken Opp  

 

Logo UO stor skrift for web 

Lørdag 6. mai 2017

 

 

   

Løvstakken Opp  

Logo Lovstakken Opp 500pxLørdag 13. mai 2017

   

Web kamera  

Lagunen Sørgående(Statens vegvesen)

   

Mange flotte resultater under Pingvinlekene

Detaljer

Amund-håvard-magnus-forsideDet ble mange gode resultater under årets Pingvingleker i Leikvanghallen. På bildet ser vi Amund som vant høyde på gode 1,96 og ny pers, foran Magnus og Håvard. Dagen før hoppet Amund hele 7,36 i lengde!

Det var et meget vellykket arrangement Gneist fikk i havn i Pingvinhallen.

 

Omtale og resultater er hentet fra bloggen til Lars Arve.

Det var mange høgdepunkt under Pingvinlekene. Amund Høie Sjursen stod for fleire av dei - og søndag var det han som stod for klubbrekord-bidraget: Med heile 1,96 i høgde sletta han Eirik S. Karstensen sin 13 år gamle U20-rekord i BFG med 6 centimeter. Amund sin gamle pers var frå ute-UM på Lillehammer i september (1,93), medan han inne var over 1,85 under Nornalekene nyleg. (1,96 gir også Amund endå ei øving over/under hovud-NM- kravet.)

Og elles:

60 meter
* Magnus Leikvoll tangerte tida si på 7,84 - frå Romjulsstemnet.

600 meter
* Vegard Albrigtsen debuterte strålande inne på distansen med 1:30,39.

* Stian Øvergaard Aarvik knuste 600-persen sin, då han sprang på 1:30,59. Tidlegare har han 1:33,89 (ute - frå tidleg i 2012).

* Steffen Algrøy Boga har ikkje hatt for vane å springa denne distansen, og eg reigistrerer 1:31,52, som ein flott begynnelse.

* Stian Norheim påstår eg at innedebuterte på distansen med 1:31,99 - vel halvsekundet bak utepersen, sett under Gneistspelen sist august.

* Ein strålande pers blei det på Ingrid Næss Johansen, som sprang heilt ned på 1:43,70. Ho hadde 1:45,01 frå Bamselekene i mars i fjor frå før.

* Ingvild Myking er også mellom dei eg trur innedebuterte søndag på 600 meter. Det gjorde ho i så fall på tida 1:44,08. Utepersen til Ingvild er på 1:40,45 - frå juni i fjor.

* Michelle Floor Heggeland sprang distansen på 1:55,42 - også det skal vera første gongen innandørs (? - ute har ho tida 1:50,21 frå Framolekene i 2012).

Lengde
* Henrik Irgens Gravdal persa vidare - frå 5,20 på Leirvik sist helg (rettnok i låg grop då) - til 5,33 denne gongen.

Første dag:

Først klubbrekordane:

Amund Høie Sjursen presterte ein av dei beste prestasjonane i BFG på lang tid, uansett øving - og i alle fall innomhus - då han hoppa heile 7,36 i lengde. Det er over 60 centimeter lengre enn den gamle klubbrekorden i BFG (sett i 1987 (!) av Roar Haugland, på 6,72). Amund hadde sjølv U23-rekorden frå tidlegare, med 6,54. Utepersen til Amund er på 7,06 frå i haust. Og no har Amund endå ei øving der det tar til å smaka av junior-VM- krav.

Eline Myking spurtslo namnesøster Ingvild Myking på 1500 meter, og dermed er det Eline som er ny innehavar av klubbrekorden innomhus i BFG på distansen. Tida blei innesterke 4:51,44. Den gamle rekorden var det Silje Oksholm Arnøy som sette under UM i Drammen i iskalde februar i 2010 (4:56,27). Dette var samtidig pers for Eline (utepersen er på 4:53,44 frå Veidekkelekene i fjor, medan innepersen blei sett då Eline blei ungdomsmeister på distansen i Steinkjer i mars i fjor).

Og så er Stian Øvergaard Aarvik i gang igjen, etter litt sjukdom. Denne gongen blei det 4:10,34 på 1500 meter, og dermed betra han eigen innerekord i U20 i BFG med halvtanna sekund frå Pingvinlekene i 2013.

Og elles - øving for øving:

60 meter
* Sondre Rinde sprang heilt ned på 7,56 - åtte hundredelar betre enn under Pingvinlekene i 2013.

* Henrik Irgens Gravdal persa med fem hundredelar frå løpet på Leirvik for ei veke sidan, til 7,93.

* Michelle Florr Heggeland innepersa på 8,65 - som er tre hundredelar raskare enn under Nornalekene.

* Malin Marie Rosvoll Olsen debuterte med 8,75.

200 meter
* Sondre Rinde flytta innepersen med nye 7 hundredelar frå Nornalekene - no til 24,35 (ute har Sondre 24,59)

* Henrik Almenningen sprang ein ny solid 200 meter. Tida blei 24,82 - 44/100 betre enn under Romjulsstemnet.

* Henrik Irgens Gravdal bryt stadig nye sprint-barrierar denne innesesongen. Lørdag blei det 24,99 (mot 25,16 under Nornalekene).

1500 meter
* Jens Larsen Åstveit knuste persen på distansen, då han sprang på 4:14,62. Han har 4:22,58 ute og hadde 4:23,12 inne, frå Romjulsstemnet no sist. Med dette har Jens også for første gong klart junior-NM- kravet.

* Pers blei det også på Stian Norheim, som med 4:22,86 sprang sekundet fortare enn utepersen frå Gneistspelen sist haust. Tida er heile sju sekund betre enn innepersen frå fjorårets pingvinleikar.

* Steffen Algrøy Boga sprang, så vidt eg har klart å registrera, sin første inne-1500 meter, då han kom i mål på 4:29,77. Det er like bak (16/100) persen frå ein Norna-karusell sommaren 2012.

* Vegard Albrigtsen innedebuterte på distansen på 4:34,47 (utepersen er på 4:38,96)

* Nemnde Ingvild Myking innepersa med 6 sekund frå Nornalekene for eitt år sidan, då ho lørdag ettermiddag altså måtte sjå seg spurtslegen av Eline. 4:51,68 blei Ingvild si tid (som har 4:45,87 frå Stockholm i august, ute).

* Nesten 17års-jubilant Anna Serine Røssland sprang inn på 5:08,00, som er innepers med godt og vel 6 sekund, frå løpet på 16-årsdagen under Pingvinlekene i fjor.

Stav
* Eirik Leikvoll svinga seg over 3,60, 10 centimeter høgare enn under UM i Steinkjer i fjor.

Se også facebook siden din Pingvinlekene:

https://www.facebook.com/pingvinlekene

   

I margen  

Logo graatoner 

 


 

BFG-statistikken finst HER

   

Grieg-new-LOGO-150x

Logo Hordnesskogens Venner 

BFG Bergen Løpeklubb

støtter Hordnesskogens Venner

 


 

 

   
© BFG Bergen (C)