BFG Bergen Løpeklubb på Facebook  

Facebook Image
   

Ulriken Opp  

 

Logo UO stor skrift for web 

Lørdag 6. mai 2017

 

 

   

Løvstakken Opp  

Logo Lovstakken Opp 500pxLørdag 13. mai 2017

   

Web kamera  

Lagunen Sørgående(Statens vegvesen)

   

6,99 på Amund Sjursen på 60m

Detaljer

Amund-forside

Amund Sjursen brøt en ny barriere med å løpe på 6,99 på 60m under andre dag på Nornalekene. Dette er et resultat helt i norgestoppen i seniorsammenheng.

Ellers var det en rekke glimrende resultater av BFG Bergen utøvere.

Oppsummeringen er igjen hentet fra bloggen til Lars Arve.

 

 Ein strålande bukett resultat finst det i bunken frå andre og siste dag av Nornalekene også. Og nokre roser stikker seg fram. Det blei nemnt i bloggen i går at det ikkje var kvardagskost med klubbrekordar i BFG Bergen, men helgekost er det no i ferd med å bli: Søndag blei det sett ikkje mindre enn tre rekordar (fleire, om me tar med dei ulike alderskategoriane i senior-/juniorsamanheng)!

Ingvild Myking betra innerekorden på 3000 meter for kvinner med 36 sekund, då ho kom i seg mål på sylskarpe 10:17,94. Ingvild har dermed 10:15 ute og 10:17 inne og jenta er nettopp fylt 14år! Og kravet til senior-NM er 10:14,99. Eg seier ikkje meir. Jo, éin ting til: Ingvild har hatt sin dose med skadeproblem så langt i vinter. Så var også det sagt.

Den nybakte 18-åringen Amund Høie Sjursen er i gang også i dette året: Med grensesprengande 6,99 på 60 meter sletta han alt som er av (elektroniske) rekordar i BFG på distansen. Seniorrekorden var det sprint-trenar Johan Sørstrønen som hadde, sett i 1999, på 7,06. Amund sin gamle (inne-)pers blei sett under Romjulsstemnet for tre veker sidan, på 7,13.

Den tredje nye BFG-rekordinnehavaren heiter Stian Øvergaard Aarvik. Det er ikkje noko nytt at Stian spring fort i januar månad og innomhus, men no flytta han grenser, han og. Med 8:42,08 sprang han over 13 sekund fortare enn på 3000 tilsvarande helg i fjor, då han sette sin siste pers på distansen. Og det var U23- og U20-rekorden i BFG som blei sletta søndag. Espen Kristiansen sette U23-rekorden i 2004 (8:45,54), medan U20-rekorden var heilt tilbake frå 1992, sett av Øyvind Fretheim (8:47,81). Målt etter serietabellen er Stian sin prestasjon sterkast for menn i BFG så langt i 2014 (NB! 60 meter gir ikkje poeng etter denne tabellen.)

Det var rekordane, men det var mykje anna fint i buketten:

60 meter:
Utanom Amund var det også andre som presterte her:
 
Kristoffer Blücher senka innepersen med eit nytt tidel frå Romjulsstemnet - til 7,46.

Sondre Rinde tangerte sin innepers frå Pingvinlekene i fjor, då han sprang på 7,64.

Henrik Almenningen senka også persen med ein tidel frå Romjulsstemnet - til 7,74.

Håvard Våge Opheim spring ikkje 60 meter så veldig ofte: Innpersen var frå dei første Nornalekene i januar 2012 og var på 8,23. Søndag blei det 8,01. 


Henrik Irgens Gravdal var på Romjulsstemnet på Stord i 2012 og sprang 60 meter. Då blei det 8,60. No, godt og vel eitt år seinare, sprang Henrik ned på 8,14.

Monika Benserud var éi av tre jenter som innepersa med ein hundredel på 60 meter. Ho sprang på 7,79, Ingrid Sortland sprang på 8,64, medan Michelle Floor Heggelandkom i mål på 8,68.

Sara Berrefjord pynta på sin innepers frå 8,15 (frå UM i Steinkjer i fjor) til 8,09, medan det blei 8,11 og sesongbeste for Elise Una Mikkelsen.

3000 meter:
Jens Larsen Åstveit senka innepersen med over 40 sekund (!), frå 10:01 under Nornalekene i 2013, til 9:19,21 - tre tidelar under utepersen frå UM på Lillehammer.

Stian Norheim fekk seg tida 9:39,44 på sin 3000 meter. 

Andreas Jensen sprang, så vidt eg veit, sin første 3000 meter innomhus. Det gjorde han på 10:19,61, og dermed er innepers og utepers omtrent like (10:19,20 ute). 

lengde blei det 6,07 på Sondre Rinde - som er det lengste han har vore borte i gropa. Han hadde 5,73 inne frå UM i Steinkjer i fjor frå før, og utepersen er på 6,05 frå Bergenslekene i haust. Henrik Almenningen hadde 5,86 både inne og ute frå tidlegare, men søndag blei det 5,96 inne i Leikvanghallen. Nora Øvergaard Aarvik landa på 4,51 i lengde. Ho har 4,24 utomhus.

Renate Lie sprang 400 meter på 59,69, medan Michelle Floor Heggeland vel hadde sin første 400 meter inne, då ho sprang på 69,16. (Vel, det var kan henda også Renate sin første inne dette, på 400 meter?)

Sanne Myrmel pynta på stavpersen til 2,66 (hadde 2,65 frå stavstemnet i same hall i november i fjor).

Og midt mellom alle ungdommane: Ole Viken innepersa, er eg ganske sikker på, då han slendge seg over 2,93 i stav.

Link til hjemmeside med resultater.

   

I margen  

Logo graatoner 

 


 

BFG-statistikken finst HER

   

Grieg-new-LOGO-150x

Logo Hordnesskogens Venner 

BFG Bergen Løpeklubb

støtter Hordnesskogens Venner

 


 

 

   
© BFG Bergen (C)