BFG Bergen Løpeklubb på Facebook  

Facebook Image
   

Ulriken Opp  

 

Logo UO stor skrift for web 

Lørdag 6. mai 2017

 

 

   

Løvstakken Opp  

Logo Lovstakken Opp 500pxLørdag 13. mai 2017

   

Web kamera  

Lagunen Sørgående(Statens vegvesen)

   

Resultater Nornalekene dag 1

Detaljer

Monika-forside

Da er innendørssesongen kommet godt i gang med Nornalekene i Leikvanghallen. Det ble mange gode resultater alt første dagen på Nornalekene.

Vi har hentet en oppsummering fra bloggen til Lars Arve.

 

Aller mest imponerte Monika Benserud, som med knallsterke 12,78 hoppa halvmeteren lengre enn utepersen og 1,15 lengre enn innpersen frå sist inne-UM i Steinkjer. Det er ikkje kvardagskost at det blir sett klubbrekordar i BFG Bergen - det skal for så vidt heller ikkje vera det. Men 12,78 i innomhus tresteg er så mykje som 69 centimeter lengre enn den gamle klubbrekorden i øvinga, sett av Benedikte Liland i Drammen i 2004!

Og: I 2013 var Amund Høie Sjursen deltakar i U18-VM. I 2014 jaktar me på meir gjæv, internasjonal representasjon: Monika er berre 12 centimeter frå kravet til sommarens U20-VM i Eugene, Oregon, USA, med sitt tresteg-svev lørdag. 

tresteg let me oss også imponera over Sondre Rinde, som landa på 13,36 i sitt lengste svev. Utandørs-persen, sett under UM på Lillehammer i september, er på 13,17 - så dette lovar også godt for vår fremste mannlege tresteg-hoppar. Sondre betra også innandørs-persen på 200 meter med fire hundredelar frå løpet sitt under Romjulsstemnet i desember - no til 24,42.

høgde var det fleire gode resultat: Aller høgast kom Amund Høie Sjursen, med 1,85 - ti centimeter over den gamle innepersen (sett under Pingvinlekene sist februar). Både Eirik og Magnus Leikvoll stoppa på 1,80. Eirik hadde 1,75 inne og 1,77 ute frå tidlegare. For jentene blei det denne gongen 1,50 på Nora Øvergaard Aarvik.

Renate Lie sprang halvsekundet raskare på 200 meter enn under Romjulsstemnet, og 26,40 er innepers med tre hundredelar frå løpet under Bamselekene på Stange i fjor.  

Henrik Irgens Gravdal sprang 200 meter på 25,16. Utandørs har Henrik 25,64 frå i haust.

Så til ei pulje med gode 800 meterar:

Eline Myking klarte det kunststykket å tangera innepersen, sett i sist innekonkurranse - Romjulsstemnet - med tida 2:23,91.

Anna Serine Røssland knuste innepersen på distansen, sett under UM i Steinkjer sist mars, med 6,6 sekund. Tida 2:26,18 er også 3,5 sekund under utepersen.

Ingrid Næss Johansen kom i mål på 2:34,66. Ho hadde 2:38,07 inne frå UM i Sandnes i 2012.

For menn noterer me oss sesongbeste på 2:02,10 for Jørgen Austvik. 

Stian Øvergaard Aarvik sette ny innepers - forbetring frå Romjulsstemnet med tre tidelar - med 2:03,72, knapt halvsekundet bak utepersen frå Framolekene i fjor.

Namnebror Stian Norheim imponerte med solide 2:07,74 på distansen, ei forbetring av innetida med nesten tre sekund frå Romjulsstemnet og også halvsekundet under utepersen frå Stordleikane i fjor.

Steffen Algrøy Boga fekk notert seg 2:10,32, og Kristoffer Blücher sprang, meiner eg, sitt første inneløp på distansen. Tid: 2:11,12.

På tampen tar me med Sanne Myrmel sitt 60 meter hekk-løp på 10,11, og dermed betra ho seg med tidelen frå løpet i Estland like over nyttår.

Og heilt til sist: Henrik Almenningen hoppa 12,35 i tresteg, og dermed er Henrik i gang med jakta på junior-NM- kravet i 2014. Utepersen er på 12,68 (to centimeter bak kravet), medan eg har notert med 10,43 (!) som gammal innepers, sett under Nornalekene for to år sidan. Uansett; ei pers-betring med nesten 2 meter, altså!

   

I margen  

Logo graatoner 

 


 

BFG-statistikken finst HER

   

Grieg-new-LOGO-150x

Logo Hordnesskogens Venner 

BFG Bergen Løpeklubb

støtter Hordnesskogens Venner

 


 

 

   
© BFG Bergen (C)